Det oppstod en feil i denne gadgeten

onsdag 13. april 2011

vakkersår spilleliste og ord om kjærlighet av neil gaiman og heidi.




spillelisten heter knuste hjerter og handler om ulykkelig kjærlighet. den er full av sanger en kan flytte inn i når hjertet er gått i stykker. sånt er det mange som kan trenge, så jeg tenkte jeg skulle legge den ut her, sammen med  noen ord som passer ganske godt ved siden av.

neil gaiman skriver: have you ever been in love? horrible, isn't it? it makes you so vulnerable. it opens your chest and it opens up your heart and it means someone can get inside you and mess you up. you build up all these defenses. you build up a whole armor, for years, so nothing can hurt you, then one stupid person, no different from any other stupid person, wanders into your stupid life... you give them a piece of you. they didn't ask for it. they did something dumb oen day, like kiss you or smile at you and then your life isn't your own anymore. love takes hostages. it gets inside you. it eats you out and leaves you crying in the dark, so simple a phrase like 'maybe we should just be friends' or 'how very perceptive' turns into a glass splinter working its way into your heart. it hurts. not just in the imagination. not just in the mind. it's a soul-hurt, a body-hurt, a real gets-inside-you-and-rips-you-apart-pain. nothing should be able to do that. especially not love. i hate love.



heidi skriver: Dei seier at nokon har uhell i spel, hell i kjærleik. Eg har det motsatte, hell i spel, uhell i kjærleik. Eg vinn i bingo, loddtrekningar, på flakslodd og finn alltid mandelen i grauten. Eg har vunne masse pengar, kamera, fruktfat og blokkfløyte. Då eg var liten stakk eg alltid av med førstepremien på bygdebasarar, pappa rista på hovudet då eg kom heim med kransekaker høge som hus og han spurte mamma kva han skulle gjere med denne ungen som vant alt den kom over. Men som ordtaket har bestemt, eg har uhell i kjærleik. Eg har blitt såra så sterkt at eg ikkje har visst om eg kan overleve det samme ein gong til. Og sjølvsagt kjem det alltid ein gong til. Og eg overlever alltid. Eg har hatt så vondt i hjartet at eg har kasta opp, eg har ringt til pappa og grene i telefonen og han har sagt at det går bra, og eg har sagt nei det gjer ikkje det og han har ikkje visst kva han skal sei. Meg og kjærleik er farlig kjemi. Første gong eg hadde kjærlighetssorg var eg 17 år. Eg fekk sjokk, for eg visste ikkje at kroppen min var i stand til å føle så sterkt. Eg grein foran læraren min, som tok meg med inn på eit grupperom og gav meg ein kopp te, earl grey, og ho fortalte meg om den gongen ho blei dumpa på ein resturant. ("Jeg tror kanskje du skal gå alene hjem i kveld", hadde han sagt.) Eg måtte flytte inn hos venninnene mine, for eg orka ikkje sove åleine om natta, eg kunne ligge på golvet og grine så mødrene deira måtte komme inn å trøste meg, og fortelle meg om sine verste kjærleikssorgar. Og ingenting hjalp. Eg klarte ikkje å ete, eg drakk Cola for å ikkje sulte ihjel, Cola som blanda seg med snørr og tårer i munnen. Eg kunne ikkje høyre på musikk eg likte, for alt som fekk meg til å føle meir gjorde vondt. Eg kan ikkje komme på noko som kan gjere meg meir gal enn kjærleik. Ikkje dødsfall. Ikkje sjukdom. Det kan eg akseptere, det er livet, seier dei. Kjærlighetssorg er unntakstilstand. Ein gong prøvde eg å oversjå det. Nei, eg vil ikkje, tenkte eg og sletta alle spor etter han. Inni meg grein eg, men eg stod opp, gjekk på skulen, gjekk på fest, sprang rundt og var sterk og når eg kjente at tårene kom berre holdt eg dei inni meg, heilt til dei begynte å redde nedover igjen, ned i halsen og ned i nasa. Ein heil vår stod eg på badet og snøyt ut tårer eg ikkje ville ha, etterkvart gløymte eg at det var tårer eg snøyt ut, det var som å ete, puste, sove, kysse.

Det er ingenting som hjelp.

Du er forelska i nokon som ikkje er forelska i deg og det er berre å vente. Det hjelp litt å ligge med andre, det hjelp også litt å drikke seg full ilag med venner. Det viktigaste er at du har gode venner som forstår at du er heilt klin kokos for øyeblikket, at dei orkar å høyre på alt det du har behov for å snakke om, at dei tåler at du ringer til alle døgnets tider for å grine. Det har eg hatt og eg føler eg skuldar dei pengegåver, blomar og konfekt for alle timane dei har venta ilag med meg. Og ein ting som alltid funkar er å lage noko. Kva som helst. Eg laga ein gong ein skulptur av hønsenetting og gips då eg hadde det som verst, den blei så stygg og trist at når eg ser på den i dag må eg berre le. Men det hjalp. Eg brukte lang tid på den stygge skulpturen min, og det er ein fin måte å distrahere seg sjølv på mens du ventar på at den sinnssvake tilstanden din skal gå over. Legg energien i andre ting, la det gå ei årstid og vent på den dagen du våknar opp og den første tingen du tenker på ikkje er han/henne, men kanskje den andre eller tredje tingen. Og då kan du sei "fuck you fuckface".



ps: neil gaiman bor her. heidi kan du finne her.

1 kommentar:

  1. Du skriver så vakkert. Vet at det ikke var dine ord akkurat her, men det var dette innlegget som var øverst så da ble det her jeg kommenterte.

    SvarSlett