Det oppstod en feil i denne gadgeten

søndag 29. januar 2012

gjesteinnlegg: eg er fin no.

bildet er linket

synest du eg er fin? du har lov til å seie det om du synest eg er fin. mamma seier at det er berre dei finaste jentene som får gå i luciatoget, og eg går fremst. mamma seier òg at det er berre jenter med flat mage som vert lukkelege, så eg går alltid på badet etter eg har ete for å passe på at magen held seg flat heile tida.

då pappa levde sa han at eg var blomen hans og at eg aldri måtte visne, men det er mange år sidan no og eg kan kjenne korleis klorofyllet forlèt meg her eg sit og vert ein del av landskapet, eit nytt støvkorn. me pla springe i skogen, pappa og eg, klatre i tre og ete mariekjeks og drikke heimelaga ripssaft frå ole brumm-flasker, og magen fekk leve som magar skal.

det er ganske kaldt på rommet her. det minnar meg om då eg var sju år og var med besten på fisketur, fordi besten var sjømann og det var slik me kom nær kvarandre. eg syntest alltid så synd på fiskane me fanga, eg byrja å gråte kvar gong det rykka i fiskestanga og besten drog opp fangsten frå havdjupet, difor passa han alltid på å kaste dei ut i sjøen igjen. og då me kom heim fortalde han mamma at det var ikkje napp å få.

den kvelden drøymde eg at eg var ein av dei fiskane i havet som sola fekk til å blinke og skine som levande sølv, og eg drøymde om å kunne dra kvar enn eg ville medan mamma stod igjen på bryggjekanten, fordi ho lærte seg aldri å symje, sa det var bortkasta å bruke tid og strev på slike trivielle aktivitetar. om morgonen fann me besten død i nabosenga, skjegget og håret var like gråspetta som før, men leppene var blå. seinare har eg tenkt at han døydde av å vere på land.
 
det var då pappa døydde eit par år etter besten at mamma vart så opptatt av kven som leia luciatoget. eg brydde meg ikkje i byrjinga, men eg skjøner det no, no som eg er fin. dei som kjem inn på rommet og held handa mi seier at eg er sjuk, men eg veit kva dei eigentleg meiner, dei tør berre ikkje å seie det fordi dei føler seg så stygge sjølv. "du har lov til å seie det om du synest eg er fin," fortel eg dei, og så bryt dei saman og hikstar og gret, og eg veit at eg har rett, dei klarer berre ikkje å sjå det. sjukepleiarane seier eg er for dehydrert til at dei klarer å setje i eit skikkeleg drypp, seier det finst ikkje anna av meg enn skinn og bein, men eg ligg berre og smiler fordi eg er fin no. mamma er stolt av meg no. kleda passar meg no.

synest du eg er fin? du har lov til å seie det om du synest eg er fin. det kan vere at dei markerte kinnbeina overveldar deg, at du ikkje har sett så markerte kinnbein før, men det er det som må til for å vere fin, veit du. eg er fin no.


skrevet av min kjære birte

15 kommentarer:

  1. Veldig godt skrevet! Jeg hadde tenkt å utdype, men ord blir fattige...

    SvarSlett
  2. Denne gjorde ordentlig vondt. Jeg vil helst glemme den, men trenger å huske .

    SvarSlett
  3. du må aldri slutte å skrive. det er så vakkert.

    SvarSlett
    Svar
    1. som det står i tittelen og nederst i innlegget, så er det ikke jeg som har skrevet teksten. men jeg kommer aldri til å slutte å skrive, og jeg håper ikke birte gjør det heller, for ja - hun skriver så vakkert.

      Slett
  4. så fint skrevet, og så sårt.

    SvarSlett
  5. Overskriften minner meg om da sommeren var over og jeg spurte vårflørten min om det samme "er jeg fin nå?", han tok hintet med en gang og ble bekymret. Det tok med et halvår, men endelig har jeg selv innsett at det er ikke så særlig fint å være så tom for energi at man ikke stråler lengere, det er nemmlig livsgnisten som gjør et menneske "pent" -det å være tynn (skranglete) er en så alt for dyr pris å betale og tomheten i øynene er ikke så sjarmerende/ fint som tilstedeværelse og glede. Jeg ønsker å føle glede igjen.

    SvarSlett
  6. Jeg har frysninger til tærne akkurat nå. Dette var så utrolig fint og samtidig så utrolig trist. Jeg blir litt redd, og samtidig litt klokere. Takk for fantastisk ord.

    SvarSlett
  7. Sterkt, vondt og vakkert. Det stikker langt nedi magen når jeg leser dette. Herremin. Ord blir fattige.

    SvarSlett
  8. dette gjorde virkelig inntrykk. vondt og sterkt, likevel så vakkert på en sår og skjør måte

    SvarSlett